10 år - Leir i haustferien for 5.trinn 6.-8.oktober
10 år - Leir i haustferien for 5.trinn 6.-8.oktober
10 år - Leir i haustferien for 5.trinn 6.-8.oktober

Kjekt på leir! 

 

Strand kyrkjelyd inviterer alle 5.klassingar i Strand sokn til leir på Vaulali i haustferien.
Årets leir er 6.-8 oktober, med oppstart søndag kveld. 

29 barn deltok på leiren i 2019.

Pris kr 900,-

Betaling innan 3.oktober til konto 32053002233

Eller med Vipps til Strand kyrkje, deltakaravgift, # 101256

Merk med namn på barnet

Brosjyren 
 
Påmelding             
 
Leirarbeidet vårt for 5.trinn er innmeldt som leirklubb i Acta/Normisjon. Det er dei som eig Vaulali. Det utløyser frifondmidler frå staten og hjelper oss å lage betre leirar. Me får støtte per betalande medlem, og leirkontingenten blir rekna som medlemskontingent. Dette er frivillig, gi beskjed viss du ikkje vil at barnet ditt skal stå som medlem i Acta dette året.

Tema er om Bibelen; gjennom undervisning, film, sporleik og drama lærer me kva Bibelen handlar om, og korleis me kan bruke det.
Me lærer og om misjon, og me sluttar av leiren med ei familiesamling med salg/utlodning der inntekta går til misjonsprosjekta våre .