Ledig stilling som Musikalsk leiar 100 % fast stilling


Musikalsk leiar med et hjerte for kyrkjelydsarbeid...

Musikalsk leiar med et hjerte for kyrkjelydsarbeid

 

Om jobben

Det er ledig stilling som musikalsk leiar 100 % fast stilling i Strand kyrkjeleg Fellesråd med hovudteneste i Jørpeland sokn. Arbeidsbeskrivelsen vil delvis bli utforma i samarbeid med den som ansettes.

Hva vi ser etter

Personlege kvalifikasjoner og fleksibilitet samt evne og vilje til å arbeide i team er svært viktig og vil bli vektlagt.

Me søker etter ein person som er interessert i å ivareta, styrke og utvikla det musikalske livet i kyrkja. Det er ønskeleg med interesse og kompetanse innen oppstart og drift av kor, gjerne barnekor, samspel/band og arbeid med barn og unge.

Me søkjer ein person som:

Har relevant utdanning eller erfaring innan musikk.

Er personleg eigna til stillinga.

Meistrar skriftleg og munnleg norsk

Er medlem i Den norske kyrkja

Tiltreding ønskes helst: 01.08.2024.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.

Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting.

 

Stillingstittel: Kirkemusiker.

Oppstart: 1. august 2024

Type ansettelse: Fast, heltid 100%

Arbeidstid: Dagtid og kveld, alle dager

Arbeidsspråk: Norsk

 

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. juni

Søknad elektronisk på e-post til kyrkja@strand.kommune.no

Arbeidsoppgaver

Stillinga medfører hovudansvar for Jørpeland sokn, og kontorplass i Jørpeland kyrkje - men verkeområde i heile fellesrådsområdet.

Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.

Stillinga omfattar m.a.:

Fagleg og musikalsk planlegging og bidrag ved gudstenester, gravferd og vigsler og andre kyrkjelege arrangement.

Korarbeid, forsangergrupper/band og anna musikkrelatert arbeid opp mot ulike aldersgrupper.

Medverknad til å utvikle eit variert song- og musikkliv i kyrkjelyden.

Vi tilbyr

Arbeid i ein flott stab og et vakkert område.

Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger. Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus. Det er over 13.500 innbyggarar i heile kommunen.

Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv. Me har vakker natur med fjell og fjord. Det tar ca. 25.min å køyre til Stavanger.

Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune - Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) - og flygel. Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer - og piano og Tau kyrkje (2021) med flygel.

Det er 14 tilsette, medrekna 2 organist / musikalsk leiar til saman i begge sokn.

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.

 

Kontaktperson for stillingen

Øystein Marton Lode

Kyrkjeverje/Dagleg leiar

51741130

kyrkja@strand.kommune.no

 

Musikalsk leiar med et hjerte for kyrkjelydsarbeid - arbeidsplassen.no (nav.no)

 

 

Tilbake