Konfirmant i Strand kyrkjelyd 2023/2024


VELKOMMEN TIL ET SPENNANDE ÅR SOM KONFIRMANT 2023- 2024

Informasjonsmøte i Tau kyrkje tirsdag 23.mai kl.18-19

 

 

Konfirmasjonsdatoer våren 2024

Tau kyrkje: Lørdag 27.april og søndag 5.mai

Vi startar konfirmantåret med CAMP RYFYLKE- ein stor fellesleir for heile Ryfylke

I år blir leiren på Vaulali / Tau 25.-27. aug. 2023.  Leiren er i samarbeid med NMSU.

Dei som ikkje kan bli med på leir, vil få eigne oppstartssamlingar.

Det er mulig å vera kor/band-konfirmant. Det er eit samarbeid med ungdomskoret. Då vil ein ha deler av konfirmantopplegget i koret. Koret vil ha øving annakvar veke.

For alle blir det blir konfirmantsamlingar i Tau kyrkje ca annakvar veke, tirsdag kl.18-19.30 og onsdag kl.18-19.30.

Pris med leir: kr ?                pris utan leir: kr 200

For begge prisar utgjer kr 100 medlemsavgift i NMSU. Ved å ha konfirmantane innmeldt i NMSU får me Frifondstøtte frå staten, for 2022 fekk me ca kr 17000. Desse skal me bruka til gode for konfirmantane, og me kan gi lågare prisar på opplegget

Betaling kan ein ordne via Vipps til Strand kyrkje , konf.betaling #101255 eller til konto 32053002241.

Merk med namn på konfirmanten og medl.avgift

Alle som skal gå på 9.trinn er velkomne til å vera konfirmant. 

Brosjyre kjem her

Les brosjyren før du startar påmeldinga.

Under gruppevalg må du velje Camp Ryfylke eller opplegg utan leir. 

 I tillegg kan du velje kor/band-konfirmant.


Påmeldingskjema kjem HER.  Påmeldingsfrist 1.juni

 

På www.konfirmant.no kan du lese meir om kva det er å vere konfirmant.             

Konfirmasjonstida er ei tid til å få læra meir om den kristne tru og om seg sjølv.
Kven er Gud? Høyrer Gud verkeleg bønn? Stod Jesus opp frå dei døde? Kven er Den Heilage Ande? Kva er meininga med livet? Seier Bibelen noko om kjærleik, det vonde, bruk av rus, vennskap, forbrukssamfunn, naturvern, rettferdighet... ?

Dette er nokre av dei tema me gjennom  undervisning, leir, gudstenester,  fasteaksjon, grupper tar opp i konfirmanttida.
Me har fokus på opplæring gjennom fellesskap, grupper, deltaking og erfaring.


 

 

Tilbake